Nybegynnarkurs i Swingdans - Lindy Hop
Lindy Hop
Class Lindy Hop

OCT 14
WED 14 OCT
Starts in 5 days
Gjernes Skule, Norway, Voss
1 people interested
About
Nybegynnarkurs i Swingdansen Lindy Hop! Lær deg å danse ein av dei eldste og mest leikne swingstilartane, til ekte swingjazz!
Dette vert eit nybegynnarkurs som passar for deg som aldri har dansa før, eller som allereie har gjennomført eit semester på nybegynnarkus tidlegare. Det er ingen behov for partner, og me legg opp til rotering av partnerar på kurset. Kursa føregår ved at ein bygger vidare på det ein lærer undervegs heile vegen, slik at dette er eit kurs som går over mange veker. Om du ikkje har anledning til å stilla på alle kveldane så går det fint, men me anbefaler å få med deg så mange som mogleg :)
Dei to fyrste gongane er gratis "prøvetimar", og deretter vert det betaling av medlemsskap med følgande alternativ per semester:
- Kun medlemsavgift - 250 kr/semester: gir tilgang til inntil 4 kurskveldar per semester
- Fullt kurs - 750 kr/semester (inkl. medlemsavgift): gir tilgang til alle kurskveldane
Innmelding gir tilgang til kursa via denne lenka: portal.smartorg.no
Lurer du på korleis Lindy Hop ser ut?
Sjekk ut denne videoen som viser korleis det ser ut når det vert dansesirkel på Lindy Hop-festival i Oslo:
youtube.com
Lindy Hop blir ofte kalla «alle swingdansars mor» ettersom både Boogie Woogie, Jive, West Coast Swing og fleire andre swingformer stammar frå Lindy Hop. Den vert som oftast dansa til swingjazz frå 1920-, -30 og -40-talet, men den kan dansast til det aller meste av musikk, i både lågt og høgt tempo, så lenge det svingar! Lindy Hop er ein internasjonal dans, så har du først lært deg litt grunnleggande kan du dansa deg gjennom heile verda!
Where
Gjernes Skule
Norway, Voss